Seafoam Green (IRL)

Frå Irland får vi besøk av bandet Seafoam Green. Sikkert eit nytt namn for mange men det trur vi ikkje vil vare lenge. Deira første album blei produsert av Rich Robinson (Black Crowes) og det siste og ferske albumet «Martin’s Garden» er produsert av Tyler Greenwell, trommeslagar i Tedeschi Trucks Band. Derek Trucks er også med på plata og dreg ein av sine klassiske slide-soloar. Desse samarbeidspartnarane fortel også mykje om bandet sin musikalske stil og inspirasjonskjelder.