Sari Schorr

Det var første i 2016 at Sari gjorde sin entrè på den internasjonale Blues-Rock-scena med eit brak. Då slapp nemleg Sari sitt debutalbum, «A Force of Nature», produsert av den ikoniske britiske Blues-pioneren Mike Vernon (David Bowie, Eric Clapton, John Mayall, Fleetwood Mac, Peter Green). 

Sari sin suksess kom etter mange år med hardt arbeid . Ho jobba seg opp og fram i den knallharde  musikkscena i  South Bronx-distriktet og Manhattan Lower East Side i New York.

Sari sin heim er no på landevegen der ho turnerer verda rundt og kveld etter kveld vrengjer sjela si på scener verda over til stor begeistring frå eit stadig veksande publikum. Livet hennar er ei historie om å aldri gi opp, vere trufast mot seg sjølv og følje sin lidenskap mot alle odds.