
Courtney Hadwin (UK)

Warner E. Hodges International Allstars (US/SE)

Kid Andersen Band (US/N)

Spoonful of Blues (N)

Ward Hayden & the Outliers (US)

Anita Nordheim Blues ‘n Groove Company (N)

Krom (N)

Bærum Bluesband (N)

Dei Mållause (N)
Courtney Hadwin er eit rått og energisk talent med ei stemme som treff rett i sjela. Den britiske songaren slo gjennom med sin eksplosive opptreden i America’s Got Talent berre 13 år gamal, Sidan har ho imponert med ein kraftfull miks av blues, rock og soul inspirert av ikon som Janis Joplin og James Brown. På scena leverer ho med intensitet, nerve og ein heilt unik tilstedeværelse – ei oppleving som garantert vil sette spor.
Warner E. Hodges International All Stars med special guest Stacie Collins byr på ein eksplosiv miks av southern rock, blues og country. Stacie var ein hyppig og ettertrakta gjest på norske scener for nokre år tilbake. Etter at hennar ektemann og musikalske partner døde brått i 2021 la ho musikken på hylla. No er ho imidlertid tilbake full av energi. Saman med Warner E Hodges med bakgrunn frå mellom anna Jason and the Scorchers og eit stjernelag av musikarar.
Kid Andersen, vår største internasjonale bluesstjerne og gudebegåva gitarist stiller med sitt norske band. Kid er busett i San Jose i California der han i sitt studio «Greaseland» har produsert over 150 album der mange har vunne prestisjetunge prisar. Han har også norsk Spellemannpris i premieskåpet.
Ward Hayden and the Outliers frå Boston er ein lykkepille av eit band som miksar americana, country og rock and roll. Dei har opparbeida seg eit fenomenalt rykte som live band og har blitt store publikumsfavorittar på festivalar og klubbscener både i USA og Europa.
Frå blueshovudstaden Notodden, kjem Spoonful of Blues, eit av flaggskipa i norsk blues. Med solid groove og ekte speleglede leverer dei blues slik han skal vere: direkte, ærleg og med røter som går djupt.
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company kjem til FjordBlues med eit uttrykk der blues og bluesrock møter funk, jazz og soul – med Anita Nordheim frå Høyanger på vokal og saksofon i front.
Rockabilly-bandet Krom med Odd-Erik Lothe i spissen byr på hardsvingande rockabilly med norske tekstar. Dette let som som ein god dæsj Vazelina, miksa med tidlig Elvis og toppa med Stray Cats.
Bærum Bluesband byr på alt frå drivande boogie og swing til seige slowbluesar. Repertoaret spenner frå eigne låtar til handplukka bluesklassikarar, alltid framført med respekt for tradisjonen og eit glimt i auget.
Bandet «Dei Mållause» består av heile 7 karar frå 2. og 3. MUA ved Firda vidaregåande skule. Repertoaret består hovudsakleg av coverlåtar innan Texas-blues, men sveipar òg innom West Coast, Chicago og Bluesrock.
Toppfoss
Toppfoss
Kjellaren
Betal medlemskontingent kr. 400,- til konto 3705.22.50049 og du vil motta medlemskort og Blues News i posten.
post@fjordblues.no – booking@fjordblues.no
You should choose a search result page. You can choose the page from the Theme Options > Events > Event Search Results Page option.
This site uses cookies. Find out more about cookies and how you can refuse them.
