FjordBlues 2022 20.-22. oktober

Fjordblues feirar 25 års jubileum og inviterer til stor jubileumsfestival helga 20.-22.oktober på Sandane. Jubilanten byr på etterlengta gjensyn med gamle Fjordblues-favorittar, men i god Fjordblues-ånd så blir det også høve til å oppleve mange nye og spanande artistar som fort kan blir morgondagens favorittar.

I år får du gjensyn med 1995-utgåva av Good Time Charlie og deira første album «Comin’ down with the blues» som kom ut dette året. Dette blir ein eksklusiv konsert der dette historiske albumet vert feira. Gitarfenomenet Dan Patlansky frå Sør Afrika etterlot seg eit måpande publikum etter sin opptreden på Fjordblues i 2014. Det er no klart for eit etterlengta gjennsyn i høve Fjordblues sitt 25 års jubileum. Sari Schorr frå New York lever verkeleg opp til tittelen på sitt debut album «A Force of Nature» der ho kveld etter kveld vrengjer sjela si på scener verda over til stor begeistring frå eit stadig veksande publikum. 

Mike Farris er ein gudbenåda vokalist og artist frå Nashville som kjem til Fjordblues med ein Grammy-pris i bagasjen. Michelle «Evil Gal» Willson frå Boston er ei naturkraft av ein vokalist og formidlar av ektefølt blues. Jesper Lindell Band kjem frå Sverige og Jesper sitt siste album har fått fantastisk mottaking og hylla som ein klassikar innan Svensk americana/roots musikk. Damer i Blues med Rita Engedalen og Margit Bakken hyller kvinneleg bluespionerar som har mange sterke historiar å fortelje. 

Soft City er vinnarane av bluescupen på Notodden Bluesfestival. Dette er eit ungt band som hentar inspirasjon frå soul, afrobeats og rock. Silo er tidlegare vinnarar av bluescupen. Bandet oppstod på Firda vgs skule og gjer comeback i anledning Fjordblues sitt 25 års jubileum. Eit nytt band frå Firda vgs som går under namnet Blues Revival gjer sin debut på årets Fjordblues. Frå Bergen kjem Years After som er strekt inspirert av sørstatsrock frå 1970-talet noko som 8 bandmedlemmer, 2 trommesett og congas vitnar om. Frå Eid kjem duoen Fluty Strings som går tilbake til blues sine røter i Mississippideltaet for ca 100 år sidan.

Hovudarena for Fjordblues sine kveldskonsertar er som alltid gjennom 25 år, Gloppen Hotell.  Det blir også heile 3 skulekonsertar i Trivselshagen for alderstrinn frå barneskule til vidaregåande skule. I tillegg blir det konsertar fredag ettermiddag og laurdag på dagtid på Lauget Kaffi og Kultur.  

Festivalhotellet Gloppen Hotell har som einaste hotellet på Sandane noko begrensa overnattingskapasitet festivalhelga. Gode overnattingsalternativ med leilegheiter og hytter finn ein på Gloppen Camping. Fjordblues har også eigen festivalcamp for bubilar og vogner i sentrum berre ca. 100 meter frå hotellet.  Her er det tilgang til toalett og dusj. Overnatting kan ein også finne på AirBnB.

Torsdag - Skulekonsert Trivselshagen
Fredag - Lauget
  • 21. oktober 2022 17:00
    DJ PhørtiPhemPharo

    DJ PhørtiPhemPharo

  • 21. oktober 2022 19:00
    Silo - Halvor og Iver

    Silo - Halvor og Iver

Fredag - Gloppen Hotell - Topfoss
  • 21. oktober 2022 20:15
    Damer i Blues

    Damene spelar også barneskulekonsert i Trivselshagen kl. 13:00 Fredag 21.10

    Speakers:
  • 21. oktober 2022 21:15
    Blues Revival

    Blues Revival

  • 21. oktober 2022 21:45
    Jesper Lindell Band
  • 21. oktober 2022 23:30
    Dan Patlansky
    Speakers:
Laurdag - Gloppen Hotell - Kjellaren
  • 22. oktober 2022 20:30
    Years After
    Speakers:
  • 22. oktober 2022 22:30
    Soft City
    Speakers:
  • 22. oktober 2022 00:30
    Silo
    Speakers:
Laurdag - Gloppen Hotell - Topfoss
Laurdag - Lauget
  • 22. oktober 2022 14:00
    Konsert med artistar frå Fjordblues

    Konsert med artistar frå Fjordblues

  • 22. oktober 2022 15:00
    Fluty Strings
    Speakers:
Ads
Event Search

You should choose a search result page. You can choose the page from the Theme Options > Events > Event Search Results Page option.

Latest Posts