Soft City

Soft City vant Norsk Bluesunion sin Union Bluescup på Notodden i 2021 og turnerer difor landet rundt , ja utlandet også, som Union Bluesband i 2022.

Det Oslo-baserte bandet har Thea Paulsen som frontkvinne og vokalist. Bandet har lete seg inspirere av artistar som Knut Reiersrud og The Meters og er influert av soul, afrobeat og rock. Med musikarar frå band som Kanaan, Dark Roast og Klossmajor, er ein liveopptreden med dette bandet spekka med hardtslåande riff, suggerande rytmer, sjelfulle melodilinjer og virtuose soloar. 

Juryen si begrunning under Bluesupen 2021: «God dynamikk, raus sceneopptreden, flott samspel og flinke til å gi plass til kvarandre». Bandet har også nyleg gitt ut sitt første album “Settle for the Moon” som har fått strålande mottaking.