
- 20.00OpningskonsertKonsert for Firda-elevar og andre interesserte. Artistar: Vidar Letho (N) og Dei Mållause (N)Gratis
- 11.30Konsert for ungdomsskularArtistar: Spoonful of Blues (N) og Vidar Letho (N)Gratis
- 13.00Konsert for barneskularArtistar: Spoonful of Blues (N) og Vidar Letho (N)Gratis
- 20.00Vidar LethoN
- 20.45KromN
- 21.45Courtney HadwinUK
- 23.30Spoonful of BluesN
- 13.00KromGratisN
- 14.00Bærum BluesbandGratisN
- 20.00Dei MållauseN
- 20.30Ward Hayden & the OutliersUS
- 22.00Kid Andersen BandUS/N
- 23.30Warner Hodges International Allstarsspecial guest Stacie CollinsUS/SE
- 21.00Bærum BluesbandN
- 22.30Spoonful of BluesN
- 24.00Anita Nordheim Blues n’ Groove CompanyN

Få stemmer treff like rett i sjela som Courtney. Den britiske songaren slo gjennom som 13-åring med ein eksplosiv opptreden i America’s Got Talent – ein audition som gjekk verda rundt og er sett fleire hundre millionar gonger. Den unge stjerna blei raskt fanga opp av store plateselskap og var på full fart mot eit popstjerneliv, men Courtney valde sin eigen, uavhengige kurs.
Som sjølvstendig artist har ho teke full kontroll over musikken sin, og i 2025 kom debutalbumet «Little Miss Jagged». Det er historia om ein artist som har valt det ekte og autentiske framfor kommersielt press, og som har vakse frå viral tenåringssensasjon til ei trygg og kompromisslaus stemme i den moderne rock- og soulrevivalen.
Med ein kraftfull miks av blues, rock og soul – inspirert av ikon som Janis Joplin og James Brown – leverer ho kvar konsert med intensitet, nerve og ei heilt unik tilstadevering. På Fjordblues får du oppleve Courtney i sitt rette element saman med bandet sitt: ei ung stjerne med gammal sjel. Dette blir ei oppleving som garantert vil setje spor.

Eit av høgdepunkta i årets program er Warner E. Hodges International All Stars med special guest Stacie Collins. Warner slo gjennom med Jason & The Scorchers og var med på å definere det som seinare blei kalla Americana. Med sin kompromisslause energi har han i fleire tiår vore ein av dei mest respekterte gitaristane i amerikansk roots- og southern rock.
Stacie var ein hyppig og ettertrakta gjest på norske scener for nokre år tilbake. Etter at hennar ektemann og musikalske partner døde brått i 2021 la ho musikken på hylla. No er ho imidlertid tilbake full av energi med rå vokal og munnspel i sentrum. Saman med Warner E Hodges løfter ho showet til eit nytt nivå med ein eksplosiv miks av southern rock, blues og country.

Vår største internasjonale bluesstjerne kjem til Fjordblues 2026 – og det er grunn til å gle seg. Kid Andersen er ein gudebegåva gitarist som no stiller med sitt norske band. Til dagleg held han hus i San Jose i California, der han driv det legendariske studioet «Greaseland». Her har han produsert over 150 album, og mange av dei har vunne prestisjetunge prisar. Sjølv har han ein norsk Spellemannpris i premieskåpet. Kid leverer alltid: med teknisk overskot, djupe bluesrøter og ei smittande spelglede som har gjort han til ein av dei mest respekterte gitaristane i internasjonal blues. På Fjordblues får du oppleve han i sitt rette element – ein konsert du ikkje vil gå glipp av.

Ward Hayden & the Outliers (US)
Ward Hayden and the Outliers frå Boston er ei lykkepille av eit band som miksar americana, country og rock’n’roll. Med sterke låtar, ektefølt historieforteljing og energiske liveopptredenar har bandet bygd opp ein solid fanskare – ikkje minst i Skandinavia. På scena byr Ward Hayden and the Outliers på ei intens og engasjerande konsertoppleving, der ekte speleglede og klassisk låtskrivarhandverk står i sentrum. Dette er americana slik det skal vere – ærleg, jordnært og fullt av sjel. Sjekk gjerne ut bandet i den første inkarnasjonen deira, under det fengande bandnamnet Girls, Guns and Glory. Fleire gromlåtar frå denne perioden står framleis på repertoaret.

Spoonful of Blues frå Notodden har etablert seg som eitt av dei mest ettertrakta bluesbanda i Noreg. Med fengande låtar og eit rockande bluesuttrykk spelar dei for fulle hus på bluesklubbar og festivalar – ikkje berre i Skandinavia, men òg i Frankrike, Polen og USA. Albumet Songs From Notodden Norway har fått god mottaking på begge sider av Atlanteren.
Med to gitarar i besetninga har Spoonful of Blues fått eit friskt og fyldig lydbilete – og både gamle og nye låtar er sikre publikumsvinnarar.

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company (N)
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company kjem til FjordBlues med eit uttrykk der blues og bluesrock møter funk, jazz og soul – med Anita Nordheim frå Høyanger på vokal og saksofon i front.
Bandet, med base i Bergen, er aktuelt med albumet Turn The Page, som har fått strålande omtale i juniutgåva av Bluesnews. Anmeldaren trekkjer fram krafta, grooven, dei store blåsearrangementa og Anita si sterke og personlege formidling – og omtalar bandet som noko av det beste ein får frå eit norsk band i år.
Med sterke eigne låtar, stort sound og eit band fullt av speleglede ligg alt til rette for ei kraftfull konsertoppleving på FjordBlues.

Odd-Erik Lothe tek med seg rockabillybandet Krom heim til Nordfjord. Dette er ein hardsvingande kvartett med erfarne musikarar som virkelig kan få stemninga opp i lokalet. Som rockabillyband skil dei seg ut i sjangeren med å levere morsomme og fengande tekstar på morsmålet – i dette tilfelle nordfjordmål og hallingdølsdialekt. Det er altså to vokalistar i bandet. Og ikkje å forgløyme ein honndøl bakerst på trommene. Bandet debuterte våren 2016 med albumet Hopp, Karoline ! Sidan den gong har dei turnert fjell, fjordar, byscener og bygdehus med stort hell. Korleis let det? Jau, som ein god dæsj Vazelina, miksa med tidlig Elvis og toppa med Stray Cats. Dette blir moro!

Når Bærum Bluesband tek turen til Fjordblues, er det duka for ei ekte bluesoppleving med røter djupt planta i den elektriske bluestradisjonen. Bandet spelar med stor speleglede, solid handverk og ein god dose sjølvironi, og byr på alt frå drivande boogie og swing til seige slowbluesar. Repertoaret spenner frå eigne låtar til handplukka bluesklassikarar, alltid framført med respekt for tradisjonen og eit glimt i auget.

Dei Mållause (N)
Møt “Dei Mållause”, bandet består av heile 7 karar frå 2. og 3. MUA ved Firda Vidaregåande skule. Reportoaret består hovudsakleg av covra låter innan Texas-blues, men sveipar også innom West Coast, Chicago og Bluesrock. Som namnet antyder, er målet å etterlate publikum mållause, og nøgde, med showet. Karane kombinerer stor speleglede, mykje energi og sansen for den gode bluesgrooven. Dette tek dei med seg til Fjordblues.
Bandet består av:
Trommer/Perkusjon: Sigve Træen Årskog og Jakob Pontoppidan Kviberg
Gitar: Magnus Leknes Gimmestad og Isak Gjerland Høyesen
Bass: Nero Simon Malknes Bauge
Røyst/ Klaver/ Synth: Sigurd Strand
Røyst/ Munnspel/ Klaver: Nicolai Hauge Ravnestad

Vidar «Viddi» Letho (N)
Vidar «Viddi» Letho er ein fargerik bluesartist, gitarist og entertainar kjend for sin sterke scenepersonlegdom, smittande speleglede og ein god dose sjølvironi. Med røter i blues, rock og country leverer han konsertar fylt med energi og humor. Velkommen til ei underhaldande stund med ein artist som treff både hjartet og lattermusklane.

