Dan Patlansky

Gitarfantomet Dan Patlansky frå Sør Afrika kjem tilbake til Fjordblues!

Han la lista skyhøgt og begeistra Fjordbluespublikumet i 2014 og når Fjordblues i år feirar 25 år er han eit opplagt val. Patlansky er frå Sør Afrika. Det britiske Blues & Soul Magazine kåra han som årets artist i 2015. Og same året blei han rangert som nummer 4 av dei 10 beste rock-gitaristane i verda av Total Guitar Magazine. Han har turnert mykje i Europa, men lite i Skandinavia. Tidlegare berre spelt ein konsert i Norge, nemleg på FjordBlues i 2014. Av alle artistar gjennom 25 år – står Dan Patlansky øvst på ønskelista over dei FjordBlues-publikummet vil høyre igjen.

Fredag 21.oktober står Dan på scena på Gloppen Hotell!