SILO

Bandet SILO vann Union Blues Cup på Notodden i 2016, og var unionsband i 2017. 

Bandmedlemane var elevar frå vidaregåande skule på Sandane og spela på FjordBlues første gong i 2015.  Etterpå blei dette eit av ungdomsprosjekta i Fjæra Bluesklubb, og klubben bidrog på fleire måtar. Mellom anna med produksjon av CD-en «Not Anytime Soon». SILO er dermed og ein del av historia til klubben og held minst eit par konsertar på årets festival.