Years After

Dette Bergensbaserte bandet med tidlegare Firda elev Jens Petter Torheim på gitar, hentar sin musikalske inspirasjon fra sørstatsrocken og 1960- og 1970-tallets musikkscene i California. Med dette skaper dei eit varmt og retro lydbilde, som får deg til å tenke på band som Allman Brothers Band og Grateful Dead. Med ein enorm rytmeseksjon og speleglede leverer bandet ei fantastisk konsertoppleving som er sjeldan på norske konsertscener.

Bandet gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum I fjor. At Norges Americana-General, journalisten Tom Sjeklesæter, har gitt plata sin velsignelse er også med på å understøtte kvaliteten til dette bandet.