
Good Time Charlie
Eksklusiv konsert med 1995-besetninga av Good Time Charlie. Det er 25 år + 2 covidår sidan Good Time Charlie lanserte sitt første album «Comin’ down with the blues», ein klassikar i norsk blueshistorie. Dette blir ei feiring av albumet med heile orginalbesetninga på plass. Arle har til og med lova at Davy Crockett kjem til å stå på settlista.
Her er den historiske besetninga du får oppleve kun på Fjordblues:
Arle Hjelmeland – vokal, munnspel
Johnny Augland – gitar, piano, vokal
Per Fredriksen – trommer, vokal
Leif Korsnes – bass, vokal
Special guest: Steinar Karlsen – gitar, vokal
Det er berre å glede seg og sette av laurdag 22.oktober på Gloppen Hotell.