The Kokomo Kings (SE)

The Kokomo Kings frå Sverige har eit renommè som eit ypperleg live band med sin kompromisslause «low-down rocking roots-music» med solide røter i bluesen. Det er ikkje tilfeldig at dette bandet har ein solid tilhengarskare ute i Europa. Har du sansen for The Blasters og tidleg Fabulous Thunderbirds så trur vi dette vil falle i smak. Ein kuriositet er at bassisten i bandet, Magnus Lanshammar spelte på den aller første Fjordblues-festivalen i 1998 som medlem av bandet The Instigators.