Fjordblues feirar 25 års jubileum og inviterer til jubileumsfestival med både etterlengta gjennsyn med gamle Fjordblues-favorittar, gjennforeningar og spanande nye artistar.

Det blir gjensyn med 1995-utgåva av Good Time Charlie og deira første album «Comin’ down with the blues» som kom ut dette året. Dette blir ein eksklusiv konsert der dette historiske albumet vert feira. Gitaristen Dan Patlansky frå Sør Afrika er ein artist svært mange har ønska eit gjensyn med og no i høve Fjordblues sitt 25 års jubileum vert ønsket innfridd ! Mike Farris er ein gudbenåda vokalist og artist frå Nashville som kjem til Fjordblues med ein Grammy pris i bagasjen. Michelle «Evil Gal» Willson frå Boston er ei naturkraft av ein vokalist og formidlar av ektefølt blues. I staden for The Texas Gentlemen får vi eit attsyn med Sari Schorr – dette MÅ jo berre bli bra! Jesper Lindell Band kjem frå Sverige og Jesper sitt siste album har fått fantastisk mottaking og hylla som ein klassikar innan Svensk americana/roots musikk.

Damer i Blues med Rita Engedalen og Margit Bakken har fokus på å trekke fram og hylle kvinneleg bluespionerar som har mange sterke historiar å fortelje. Årets unionsband, dvs vinnarane av bluescupen på Notodden Bluesfestival deltek også. Bandet er Soft City som er eit ungt band som hentar inspirasjon frå soul, afrobeats og rock. Eit tidlegare unionsband, Silo, som oppstod på Firda vgs skule gjer comeback i anledning Fjordblues sitt 25 års jubileum. Frå Bergen kjem bandet Years After som er strekt inspirert av sørstatsrock frå 1970-talet noko som 7 bandmedlemmer og 2 trommesett vitnar om. Frå Eid kjem duoen Fluty Strings som går tilbake til blues sine røter i mississippideltaet for ca 100 år sidan.

Event Details