Atle Oen med band (N)
Atle og bandet presenterer kortreist Americana frå Nordfjordeid. Med seg i kofferten har han med seg eit rykande ferskt album «Stuck in Shallow Waters» som vert lansert under Fjordblues-helga. Albumet er spelt inn på Nordfjordeid med lokale musikarar og inneheld kvalitets country med solide innslag av blues, folk og country rock. Atle har tidlegare vitja Fjordblues i akustisk format. Denne gongen vert det med fullt band utvida med gitarist Steinar Karlsen (Good Time Charlie) og keyboardist Øystein Undem (Eric Slim Zahl). Det er med andre ord duka for lokal Americana-fest under årets Fjordblues.