Cardinal Black (UK)

Som første arrangør i Norge er vi svært glade for å kunne presentere gruppa Cardinal Black frå Wales. Sikkert eit nytt namn for mange men det vil nok ikkje vare lenge. Ein kan høyre inspirasjon frå klassiske rockeband frå 1970-talet men Cardinal Black gjer det på sin måte der vokalist Tom Hollister si fantastiske kraftfulle soulstemme gir bandet eit eige uttrykk djupt forankra i soul og blues. Gitaristen Chris Buck er eit fenomen og er av mange utropt til ein av dei aller fremste nye gitaristar uansett sjanger. Cardinal Black sitt debutalbum «January Came Close» kom rett før jul og er proppfull av godlåtar. Albumet har med rette fått strålande mottaking. Som eit teikn på bandet sine ferdigheiter som liveband så mottok bandet ståande applaus som oppvarming for Peter Frampton i Royal Albert Hall.