Kingswood (AU)

Eksklusivt for Fjordblues for første gong i Norge presenterer vi bandet Kingswood frå Australia! Bandet sitt siste album «Home» gjekk rett inn på førsteplass på Australia si Country liste og har sidan oppnådd 8 veker på førsteplass og 21 veker topp 5. La deg ikkje skreme av countrybetegnelsen for dette er eit rocka og hardsvingande roots/americana/rockeband som leverer fantastiske konsertar. Bandet har dei siste månadane gjennomført meir enn 100 konsertar i Australia for å promotere sitt siste album, noko som er Australsk turnè rekord. Kingswood set den gode melodien i høgsetet og er ikkje redd for å utfordre sjangerbegrepa. Vi har trua på at dette kan bli eit nytt og spanande bekjentskap for Fjordbluespublikummet!