Teachers of Rock

Bandet T.O.R. (Teachers of Rock) er eit Sandane-basert band som spelar ulike typar rock frå 1970 fram til i dag. Bandet byr på feite gitarsoloar, velkjende riff og god groove. Dei fem medlemmene har ulik musikalsk bakgrunn, men til felles har dei at dei likar å spele blues og rock med trøkk. Aller er også lærarar ved Gloppen Ungdomsskule.

Reportoaret er breitt, og består av mellom anna av låtar frå Jimi Hendrix, Lenny Kravitz, Led Zeppelin, Jack White, Tom Petty og Alice in Chains.