Artistar 2017 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar 2017

Historikk
Artistar Fjordblues 2017

Dana Fuchs (US)
Endeleg blir det gjennsyn med dette fyrverkeriet frå New York. Ho vitja Fjordblues i 2011 og imponerte stort. Ho har sidan lagt resten av Noreg og Europa for sine føter med sine konsertar som er fylt av intensitet og utstråling. Det er ingen tilfeldigheit at ein får assosiasjonar til både Janis Joplin, Robert Plant og Mick Jagger når du ser Dana på scena. Ho blanda rock, soul, blues og gospel til ein herleg mix og leverer alltid frå scena. I tillegg til Dana med fullt band på fredag så får vi også ein svært eksklusiv akustisk konsert kun med Dana og hennar musikalske kompanjong gjennom mange år, Jon Diamond på gitar i Stovene på Gloppen Hotell på torsdag kveld.

Rick Estrin and the Nightcats (US)
Dette er eit av dei verkelege klassiske blues-banda og eit flaggskip blant amerikanske bluesband. Bandet er leia av fargerike og eksentriske Rick Estrin som trakterar munnspel og vokal. Ekstra morosamt er det at gitaristen i bandet er nordmannen Kid Andersen, ein verkeleg gudbenåda gitarist som til og med kan matche Rick Estrin sin sceneopptreden og showmanship. Rykande ferskt medlem i bandet er enno ein nordmann nemleg shufflekongen Alexander Pettersen. Med 50% norsk besetning så får vi her kombinert det beste av amerikansk og norsk blues. Ny cd «Groovin’ in Greaseland» har dei også med seg.

Cordovas (US)
Det særs annerkjende magasinet Rolling Stone hylla nyleg Cordovas som eit av dei nye banda som du absolutt bør halde auge med dei komande åra. Dette rock/roots/americana-bandet frå Nashville blei danna i 2011 av låtskrivar og musikar Joe Firstman. Kvintetten spelar med energifull entusiasme og har opparbeida seg eit botnsolid live-rykte. Det går frå drivande rock’n’roll i den eine augneblinken, for så å overraske med dei nydelegaste vokalharmoniar i den neste. Tenk deg ei blanding av The Band, The Grateful Dead og Little Feat, så har ein den klassiske rockeoppskrifta med røter djupt i den amerikanske roots-musikken som Cordovas smakfullt nyttar som basis når dei vartar opp med sin eigen musikalske gumbo.

Aaron Keylock (UK)
Denne karen på berre 19 år har allereie blitt utropt til det mest spanande nye gitartalentet i England. Han har alt spelt eit stort antal konsertar og har motteke strålande respons både for sitt gitarspel og ikkje minst for sine gode låtar. Han gav ut sin første cd sist vinter der Joe Bonamassa sin produsent styrte spakane. Han er tydeleg inspirert av artistar som Johnny Winter og Rory Gallagher men han har også lytta til amerikanske sørstatsband som Lynyrd Skynyrd. Dette kjem særleg fram i det elegante og smakfulle slide-gitar spelet som er framtredande på fleire av låtane. Vi skal ikkje legge for store byrder på hans unge skuldrar men dette er definitivt ein artist som går ei stor framtid i møte.

Daniel Eriksen (NO)
Endeleg har vi Daniel Eriksen på Fjordblues-plakaten ! Han har vore Noregs fremste Delta-blues artist i snart 20 år. Han mottok ein svært fortent Spelemannspris for sin føregåande cd “Moonshine Hymns” i 2014. Daniel har eit renomè som ein svært dyktig slide-gitarist. Han spelar skitten Mississippi delta blues blanda med New Orleans rytmar, gospel og boogie. Daniel har studert dei gamle mesterane som Blind Willie Johnson og Mississippi Fred McDowell men er slett ikkje redd for å gjere sine eigne tolkningar og versjonar av klassiske Delta-blues låtar.

Hannah Aldridge (US)
Hannah imponert stort då ho dukka opp Sandane ein mørk novemberkveld i fjor. Ho bergtok publikum med sine fantastiske låtar og framføring. Under Fjordblues skal enno fleire få møte Hannah og vi er overbevist om at ho vil skaffe seg mange nye fans. Hannah er frå musikkbyen Muscle Shoals i Alabama men har no base i Nashville. Ho er ein ypparleg låtskrivar og formidlar. Amerikansk rootsmusikk er vel det næraste vi kan kome om vi skal prøve å beskrive hennar musikk. Sterke og personlege tekstar framført med sjel og innleving - det er Hannah i eit nøtteskal !

Good Time Charlie (NO)
Etter 35 år på vegen som eit av dei fremste norske banda innan 50s & 60s soul og rhythm & blues er Good Time Charlie igjen på plass på Fjordblues. Bandet er proppfulle av speleglede, rå energi og magisk sjarm. Dei er tradisjonsberarar med kjærleik og stor respekt for faget. Med seg har dei det ferske albumet “Ready to rumble” i gitarkassa. GTC er blitt kalt dei norske gudfedrene av Rhythm & Blues – og det med god grunn. I tillegg til opptreden på Gloppen Hotell skal bandet også halde ein skulekonsert for ungdomsskulane i kommunen.

Dave Fields Band (US)
Dave er ein gitarvirtous frå New York. Saman med sin trio byr han på heftig blues og rock ispedd nokre jazz-tonar. Dave er også ein habil jazzmusiker men hjertet ligg i bluesen. Med komponisten, pianisten, dirigenten og produsenten Sammy Fields som far, vaks han opp på Manhattan omgitt av musikk. 15 år gamal var han med å spelte på faren sine konsertar. Dave har studert ved Berklee School of Music i Boston. I tillegg til sitt eige band er har også ein ettertrakta studiomusikar. Han driv også Fields Music Inc der han har studio og driv med komposisjon, arrangement og produksjon. Han lagar og produserer også musikk til radio og TV.

Silo (NO)
Vinnarane av konkurransen årets Union band på Notodden i fjor, Silo, spelar sjølvsagt også på årets Fjordblues. Vi har fylgt desse karane sidan dei spelte fyrste gong på Fjordblues for 2 år sidan og det har vore ei stor glede å følje utviklinga til bandet. Det har vore eit hektisk år som unionsband med mange konsertar og festivalar. Utgjeving av si første cd-plate, EP’en «Not Anytime Soon» blei det også tid til. Vi føljer bandet spent vidare når dei neste år deltek på den internasjonale Blues Challenge konkurransen i Memphis.

Jeg og du og vi -2-3-4 (NO)
Forestillinga Du og jeg og vi 2 – 3 – 4 er ein groovy barnekonsert for heile familien. I løpet av konserten får vi mellom anna møte Mr. Regnværssky som ikkje føler seg heime nokon annan stad enn i ørkenen, Fru Rosenstrøm som pønskar på å rane banken og vi får høyre ein song om kvifor det er lurt å sjekke baksetet for krokodiller når ein set seg inn i bilen. Musikarne Julie, Elisabeth og Ellen endar også opp i en spelande diskusjon om kven som har dei kulaste instrumenta og kven som kan spele fortast. Rykande fersk cd har dei også med seg.

 
"Med Plank og Strengar" er Vegard Hjartholm si utforsking av dei heimebygde instrumenta i rootsmusic-tradisjonen. Sigarboksar, matboksar, bilskilt og kjøkenreiskapar får nytt liv som strengeinstrument og serverar tonar frå blues- og rockelandskapet.
Musikalsk mannskap denne gongen er, i tillegg til Vegard, Kristoffer Støylen Refvik og Erlend Baugstø.

 
Immature Avocados (NO)
Musikklinja ved Firda vgs. held fram med å produsere nye band og Fjordblues er sjølvsagt med og gir nye band og talent ei scene der dei kan presentere seg. Dei 4 karane i dette bandet går alle i andre klasse på Musikklinja og har eit variert repertoar m.a. frå legendariske bluesgitaristar som Stevie Ray Vaughn og Robben Ford.

 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen