Artistar Fjordblues 2014 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar Fjordblues 2014

Historikk

Dan Patlansky (Sør Afrika)
Han er stor stjerne i heimlandet Sør Afrika der han har varma opp for Bruce Springsteen på stadionkonsertar. No vitjar han Norge for fyrste gong og gjer sin einaste konsert her i landet på Fjordblues. Han er ein fabelaktig gitarist og det går gjetord om konsertane hans. Han leverer alt frå drivande bluesrock i beste Stevie Ray Vaughan si ånd til vare og sarte akustiske låtar. Ein artist med ekstreme kvalitetar, her kan vi bli vitne til byrjinga på ei stor internasjonal karriere for dette fenomenet frå Sør Afrika !

Dan Patlansky: gitar og vokal
Clint Falconer: bass
Andy Maritz: trommer

Texas Cannonballs (US)
Eksklusivt og kun for Fjordblues hentar vi over frå USA dette Texas bandet som er ein ypparleg eksponent for Texas blues med denne spesielle Texas-beaten og snerten som kjenneteikna dei tidlege Fabulous Thunderbirds platene.  Bandet blir fronta av gitaristane Hector Watt og Dave Herrero som er to veteranar og ringrevar som har denne musikken i ryggmargen. Dei har lang rutine og har spelt med det som er av legendariske Texas artistar. Med dette bandet på scena så blir det garantert  «heilt Texas» på årets Fjordblues !

Hector Watt: gitar og vokal
Dave Herrero
: gitar og vokal
Hugo Deviers: trommer
Bill Troiani: bass

Buddy Whittington (US)
Han tok over jobben til gitarlegender som Eric Clapton, Peter Green, Mick Taylor og Walter Trout som gitarist i John Mayalls Bluesbreakers. Han hadde gitarjobben hos Mayall i heile 15 år og Mayall kallar han «my favorite Bluesbreaker». Dette seier vel det meste om denne joviale fantomgitaristen frå Texas.  Når han legg gitaren på magen er det berre nyte hans frapperande gitarteknikk !

Trond Olsen Band (NO)
Trond Olsen Band frå Bergen lansert si andre plate under Fjordblues.  Buddy Whittington er med som gjesteartist både på gitar og vokal. Vi ventar i spaning på plata då vi har forventningar om at Buddy og Trond Olsen må vere ein svært så passande kombinasjon.

Buddy Whittington: gitar og vokal
Trond Olsen: gitar og vokal
Lars Hammersland: piano
Kåre Glesnes: bass
Morten Bergstrøm: trommer

Good Time Charlie (NO)
Fylket sitt eige flaggskip innan bluesen skal denne gongen både halde eigen barnekonsert og sleppe si nye plate («vaksenplate»). Dette bandet treng ingen nærare presentasjon, dei er ein institusjon innan norsk blues og eit band som i løpet av si lange karriere alltid ar klart å fornye seg og begeistre eit nytt publikum. Vi er sjølvsagt svært spent på ny plate og nytt materiale som dei vil presentere på årets Fjordblues !

Arle Hjelmeland: vokal og munnspel
Steinar Karlsen: gitar
Morten Skage: bass
Einar Olsson: trommer

Eric "Slim" Zahl & the West Coast Swingers (NO)
Inspirert av lyden av 1950-talet. Dressa opp i slips, bukseselar og sleipe sko, spreier Eric ”Slim” Zahl & The South West Swingers sitt glade bodskap. Musikken kan karakteriserast som 50's rock'n roll, med innslag av jumpblues, rockabilly og swingjazz. Dette er eit formidabelt live band som garantert skapar god stemning og fyller dansegolvet !

Eric 'Slim' Zahl: gitar og vokal
Øystein 'Boogieman' Undem: tangentar
Roald Brekke: bass og vokal
Atle H. Strøm: trommer og vokal

Bergos Berme (NO)
med gjestevokalist Arne Johan Austrheim
Bergo's Berme er eit band av garva musikarar med Magnar Bergo som primus motor. Repertoaret består av classic soul, vintage rhythm 'n blues - og någå attåt.
Magnar har her samla eit utval av musikarar han har spelt med sidan 1960-tallet og opp til i dag m.a. frå bandet Band of the Sixties der Sandane sin eige Arne Johan Austrheim var vokalist. Arne Johan blir her å høyre som gjestevokalist saman med sine gamle bandkompisar. Bandet stiller med heile 11 musikarar inkludert full blåserekke og 3 vokalistar. Vi forventar eit forrykande show med klassiske låtar frå artistar som Sam Cooke, Fats Domino, Wilson Pickett, Solomon Bruke med fleire. Ekte «feelgood» musikk !
Magnar Bergo: trommer
Jon Richard Fjerdingstad: vokal/perkusjon
Snorre Opsahl: vokal og tangenter
Tor Eilev Almankås: vokal og bass
Jon Egil Brekke: vokal og gitar
Håkon Høye: vokal og gitar
Ove Helset: trompet
Oda Hveem: tenorsax og fløyte
Sarah Nordal Strand: saxer, fløyte og vokal
Niklas Joelsen: trombone
Arne-Johan Austrheim: gjestevokalist

Good Time Charlie, Barne/familekonsert

Fredag 17.oktober, Trivselshagen kl 17.30
Barnekonsert med Good Time Charlie. Barneplata "Draumeblues og blåsus" som dei gav ut i fjor fekk strålande mottaking. Blå musikk og New Orleans rytmar med morosame og friske norske tekstar gjer dette som skapt for for allsong og deltaking frå barna. Passar særleg for barn i barnehage og barneskulealder men dette blir garantert ei hyggestund for vaksne også !

Denne konserten er GRATIS for alle !



Gina og Jens Petter (NO)
Alltid kjekt å kunne presentere unge lokale artistar på Fjordblues. Som mange gongar før finn vi talenta på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Denne akustiske duoen har røtene sine i Stryn og Randabygda og fann saman på musikklinja. Inspirasjon hentar dei frå heile spekteret frå norske folkeviser til amerikansk rock, variert repertoar med andre ord !

Gina Agathe Takle Tytingvåg: vokal og gitar
Jens-Petter Sætre Torheim: vokal og gitar

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen