Peter Lothe - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Peter Lothe

Historikk
Peter Holvik Lothe
1962 - 2018
Det er med stor sorg vi må akseptere at vår gode ven, styremedlem og tidlegare leiar i Fjæra Bluesklubb - Peter Holvik Lothe har gått bort berre 55 år gamal.
Han sovna stille inn medan han sov i heimen sin laurdag 14. april.
Peter var ein snill og mild person med stor omsorg for alle rundt seg. Han var ein engasjert person på mange område, og hadde utruleg mykje kunnskap om mykje.
Han har vore ein sentral person i mange organisasjonar i Gloppen, og engasjerte seg og i politikk som medlem i Arbeiderpartiet. Men den største interessa hans var musikk, og han hadde ei imponerande samling av LP-plater.
Peter har vore styremedlem i Fjæra Bluesklubb i over 20 år. Han har hatt fleire verv, mellom anna mange år som leiar av klubben. På FjordBlues 2017 vart han utnemnd som Æresmedlem, og på 25 års jubileet for nøyaktig to år sidan var det nettopp han som presenterte klubben si historie. Mellom alle sine arbeidsoppgåver såg han det viktige i å ta vare på historia i form av bilete, dokument, plakatar og andre ting. Og når vi trong å vite noko som vi andre ikkje klarte å huske, var det Peter vi kontakta.
Fjæra Bluesklubb vil takke for det store arbeidet og engasjementet han har lagt ned for klubben gjennom alle år. Men først og fremst er vi takksame for alle dei kjekke og gode stundene vi fekk saman med vår gode ven. Vi skulle ynskje - og hadde rekna med at vi skulle fått mange fleire gode opplevingar saman med Peter, og saknet etter han er stort.
Vår djupaste medkjensle går til Peter sin bror Jakob og dei næraste.

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen