Artistar Fjordblues 2015 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar Fjordblues 2015

Historikk
Fjordblues 2015
Artistar:

Nick Moss Band (US)  Laurdag
Dette er eit av dei heitaste bluesbanda i verda i dag. Med basis i den klassiske Chicago-bluesen har Nick klart å fornye, vidareutvikle og skape sin eigen stil der han blandar den klassiske bluesen med element frå rock og soul med fengslande rytmar og fantastiske melodiar. Med i bandet er også vokalist og gitarist Michael Ledbetter med bakgrunn som operasongar i Chicago. Eit svært dynamisk og spanande band som vi har store forventningar til. Det er ikkje utan grunn at dette bandet blir publikumsfavorittar overalt dei spelar.
«A perfect mix of tradition and innovation”  Elmore Magazine
Nick Moss: gitar og vokal
Michael Ledbetter: gitar og vokal
Nick Fane: bass
Patrick Seals: trommer
Taylor Streiff: keyboard
Ian Siegal Band (UK)  Laurdag
Frå England kjem denne gitaristen og songaren som har vunne eit utal av prisar og utmerkingar. Han har vunne heile 8 British Blues Award prisar  m.a. i klassene for beste plate, beste bluesband, beste akustiske artist, beste låt og heile 3 gongar beste mannlege vokalist. Han er også medlem av the British Blues Award Hall of Fame. Han blir omtala som ein nasjonalskatt av britisk musikkpresse. Med sitt fantastiske band frå Nederland med fantomgitaristen Dusty Ciggaar i spissen får vi servert ein musikalsk gumbo som slett ikkje berre vil innehalde blues men ei unik blanding av blues, roots og americana.
“One of the most innovative, gifted and engaging blues performers on the planet today.”  MOJO
 
Ian Siegal: gitar og vokal
Dusty Ciggaar: gitar
Raphael Schwiddessen: trommer
Danny Van’t Hoff: bass
Simon McBride (Nord-Irland)  Fredag
Den heilage treeininga i Belfast si rockehistorie er Van Morrison, Rory Gallagher og Gary Moore. No må nok snart dette utvidast til eit firkløver. Dette seier vel det meste om Simon sine kvalitetar som artist. Ein svært begåva gitarist som ikkje legg skjul på sine irske røter i sitt gitarspel. Tøff bluesrock men også smektande balladar, gode låtar og fantastisk gitarspel er det du får når Simon entrar scena med sitt band.
“He’s a fret-meltingly intense soloist & a great slide player. Lovers of quality blues-rock step right this way.”  Guitarist Magazine
 
Simon McBride: gitar og vocal
David Marks: bass
Martin McCloskey: trommer
Ei finsk jente på 20 år som syng klassisk 1950-tals blues er slett ikkje kvardagskost.  Dette er eit talent av dei sjeldne. Etter å ha nådd finalen i den finske utgåva av talentshowet Idol som 17 åring blei ho teken under vingane til Finland si store munnspellegende Helge Tallqvist.  Når Ina blandar klassiske blueslåtar frå artistar som Muddy Waters, Slim Harpo og Etta James med  låtar frå artistar frå sin eigen generasjon som Christina Aguilera, Amy Winehouse og the Black Keys så høyrest faktisk dette heilt naturleg ut. Med si enorme stemme og utstråling så kan dette vere jenta som kan opne augene og øyrene for blues også blant eit yngre publikum. Fjordblues er hennar fyrste opptreden i Norge.
 
Ina Forsman: vokal
Helge Tallqvist: munnspel
Niko Pekka Votkin: trommer
Liro Kautto: bass
Yrjø Toivo Putkinen: gitar
Jan Tore eller JT som alle kjenner han som er ein nestor i norsk blues. Han mottok Notodden Blues Music Award som er norsk blues si høgaste  utmerking i 2014. I mars i år representerte bandet Norge under European Blues Challenge i Brussel der dei oppnådde ein ypperleg 3.plass. JT trakterar trekkspel som er eit heller lite brukt instrument i bluessamanheng noko som gjev bandet eit særpreg. Dette er  musikk med røtene djupt planta i dei amerikanske sørstatane. Musikk som garantert skapar god stemning og fyller dansegolvet !
 
Jan Tore Lauritsen: vokal og trekkspel
Arnfinn Tørrisen: gitar
Ian Fredrick Johannessen: gitar
Jon Grimsby: trommer
Atle Rakvåg: bass
Stefan Seger: munnspel
Denne trioen med gitarist og vokalist Marie Kristin Dale i spissen har kome som eit friskt pust i norsk blues og rock det siste året. Marie Kristin er ein rå gitarist som verkeleg har imponert mange. Med sin bluesete og groovy «Post Hendrix» bluesrock vinn trioen stadig nye fans. Debutplata kjem i haust der superprodusenten Yngve L. Sætre har styrt spakane. Sjekk ut dette bandet du også og finn ut kvifor dette er bandet «alle» snakkar om etter sine festivalopptredener på Bergen Fest, Notodden og Skånevik.
 
Marie Kristin Dale: gitar og vocal
Felix N Rudi: trommer
Stian Brungot: bass
Dette bandet er samansett av garva musikarar busett på Sunnmøre. Med Ståle Dimmen i front lirar dei frå seg ny sunnmørsblues på kav dialekt, men også eit knippe udødelege amerikanske bluesklassikarar. På barnekonserten blir det både noko eige materiale på dialekt men også nokre «klassiske» barnelåtar framført i bluesdrakt. Etter barnekonserten i Trivselshagen vert det festivaloppkøyring i Kjellaren på Gloppen Hotell.
 
Ståle Dimmen: gitar og vokal
Peter Demirov: orgel og tangentinstrument
Lars Inge Bjørneset: bass
Bjørn Roger Hagen: trommer
Firda Jazz Kvartett (NO)  Laurdag
Som namnet seier så er dette ein jazzkvartett samansett av elevar frå Firda vgs. Dei spelar det meste innan tradisjonell jazz, som for eksempel standar jazz, be bop og blues-jazz .

Emil Horstad: Piano/ Trekkspel
Bartek Galek: El-bass
Peter Kollstrøm Heilevang: El-gitar
Mats Høstaker: Trommer


Silo (NO)  Fredag
Bandet har sitt utspring frå Firda vgs og har spelt saman i litt over eitt år. Det blir for det meste blues men dei er også opptatt av andre sjangrar og spelar variert musikk. Særleg likar dei å gjere sine eigne versjonar av gamle låtar.

Håvard Lågeide - Bass
Oliver Igland - Trommer
Iver Strand Senneset - Gitar
Halvor Nesbakk - Vokal

 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen