Artistar 2018 - Fjordblues

Gå til innhold

Hovedmeny:

Artistar 2018

Historikk
Artistar Fjordblues 2018

Stacie Collins (US)
“Harp Howlin' Twang Bangin' Roots Rock, Country and Blues!”
Stacie vitja Fjæra Bluesklubb på sin første turnè i Norge i 2009 og igjen i 2010. Ho er no klar for sitt første Fjordblues. Stacie bryt grensene mellom rock, blues og country. Ho er både vokalist, låtskrivar og ikkje minst eit råskinn av ein munnspelar i beste Chicago-stil inspirert av blueslegender som Little Walter og James Cotton. Stacie har opparbeida seg eit rennomè som ein forrykande live artist med sine høg-energi konsertar. Vi ser fram til dette fyrverkeriet på Fjordbluesscena !
Dawn Tyler Watson (CAN)
Denne bluesdivaen frå Canada vant International Blues Challenge i Memphis i 2017 som er verdas største mønstring av bluesartistar. Dawn er ein klasseartist, ho har sceneutstråling, er ein ypperleg låtskrivar og ein vokalist med både stemmeprakt og sjel. Med seg har ho The Ben Racine Band, eit 7-manns band med blåserekke og trøkk. Vi ser fram til å oppleve Canadas største bluesstjerne som har skapet fullt av musikkprisar frå heimlandet på Fjordblues 2018 ! Fjordblues blir hennar første opptreden i Norge.
Levi Parham (US)
Levi Parham med band er frå Oklahoma og er i Noreg for fyrste gong. Dette er rotekte amerikansk musikk, ei god blanding av blues, folk, soul, rock og country. Levi har nettopp gitt ut ny plate med tittelen It's All Good som er spelt inn i berømte Muscle Shoals studios i Alabama saman med medmusikantar frå Tulsa, Oklahoma. Levi vidarefører såleis det som ofte blir omtala som the Tulsa-sound der JJ Cale har vore den fremste eksponenten. Vi er spent på å oppleve denne fantastiske artisten og låtskrivaren på Fjordblues !
Hot Little Mama (NO)
Hot Little Mama blir gjennforent for å gjere kun ein konsert, Fjordblues 2018 ! Det er 14 år sidan dei stod saman på scena sist. Bandet hadde sitt utspring frå Sandane og Firda vgs med Steinar Karlsen på gitar, Kenneth Silden på vokal, piano og sax, Øystein Lydvo på bass og Frode Storvik på trommer. Dei gav ut 2 kritikarroste cd'ar i år 2000 og 2001 og var eit av dei leiande bluesbanda i Noreg på denne tida. Dei spelte på Fjordblues både i 1999 og 2001. Dette er ei gjennforening du ikkje må gå glipp av !
Vincent Flatts Easily Led (UK)
Vincent Flatts Easily Led kjem frå Birmingham, England og gjekk tidlegare under namnet Vincent Flatts Final Drive. Bandet har ei lang historie men er no tilbake under nytt namn, nye medlemmer og ny plate er også på gong, den første på ca 20 år. Bandet har i alle år hatt eit stempel som eit fantastisk tøft live-band. Dette er hardtswingende Blues, Boogie & Southern Rock av ypperste kvalitet. Som ein kuriositet kan vi nemne at vokalisten i bandet var høgaktuell til å erstatte avdøde Bon Scott som vokalist i AC/DC men måtte sjå den jobben gå til sin landsmann Brian Johnson.
Blues for Barna og Harstad & Høye
"Blues For Barna" har spelt for over 40.000 elevar sidan starten i 2012 og hausta strålande kritikkar. Her får vi være med på ei reise i Bluesens historie frå slavetida på bomullsmarkene i USA, via Chicago blues, Lillebjørn Nilsen og bluesens inntog i rocken. Tekstane er på norsk og det er ei morsom og lærerik forestilling.
Håkon Høye og Erik Harstad har for anledninga med seg Svein Åge Lillehamre på trommer. Desse framifrå musikarane vil i tillegg til barnekonserten opptre som bandet "Harstad & Høye" på fleire andre scener under FjordBlues.
 
The Jelly Roll Men (NO)
The Jelly Roll Men frå Toten er autentisk old school, low down Chicago blues ispedd ein dose lun Toten humor. Debutplata "Jelly Roll Shuffle" som kom tidlegare i år fekk full score, terningkast 6, av Blues News. Vi forventar oss klassisk 50-tals blues med eit sterk repertoar av eigne låtar ispedd nøye utvalgte bluesklassikarar. Opplev dei på Fjordblues og du vil også fort finne ut kvifor dei blir publikumsfavorittar overalt der dei opptrer.
Jetbone (SE)
Funky og energisk rock 'n' roll band frå Sverige. Jetbone har nettopp signert med det internasjonale plateselskapet BMG og er ute med si tredje plate "Come out and Play". Dette glimrande rock 'n' roll bandet er eit av Sveriges beste liveband og spelte ikkje mindre enn 200 konsertar i 2017. Har du sansen for bluesbasert rock 'n' roll med 1970-tals sound ref Rolling Stones, Aerosmith, Black Crows. Lynyrd Skynyrd etc.... så trur vi dette vil falle i smak.
Luison Y Cuba (CUB/NO)
Fjordblues kan i år by på ekte cubansk salsa ! Luison er Cubanar bosett i Noreg og med sitt salsaband samnsett av dei beste latinmusikarane i Scandinavia så skal dei halde skulekonsert for ungdomsskulen. Vi har sjølvsagt også rydda plass til Luison på kveldsprogrammet på Gloppen Hotell. Denne karismatiske gjengen vil garantert sørge for høg temperatur og by på musikalitet i ypperste toppklasse. Konsertane med Luison er eit samarbeid med Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Blurred Mirror (NO)
Musikklinja ved Firda vgs. er også i år representert med eit nytt band som vi presenterer på Fjordblues. 
 
 
Tilbake til innholdet | Tilbake til hovedmenyen