Program Fjordblues 2025
Torsdag 16.oktober
20:00 Lauget: Opningskonsert (Gratis)
Konsert for Firda-elevar og andre interesserte.
Artistar: Ask Carol (N) og Blåmann (N)
Fredag 17.oktober
11:30 Trivselshagen (Gratis): Konsert for Ungdomsskular
Artist: McKinley James (US)
13:00 Trivselshagen (Gratis): Konsert for Barneskular
Artist: McKinley James (US)
19:30 Gloppen Hotell, Toppfoss (aldersgrense 18 år)
20:00 Plas Hervouët Band (FR)
20:45 Embla and the Karidotters (N)
22:00 McKinley James (US)
23:30 Ask Carol (N)
Laurdag 18.oktober
13:00 Landsbylaurdag (Trappa Heradshuset) NB ! Ved dårleg vær vert konserten på Lauget
Artist: Blåmann (N)
14:00 Lauget (Gratis)
Artist: Plas Hervouët Band (FR)
15:00 Lauget (gratis)
Artist: Adama Janlo (N)
19:30 Gloppen Hotell (aldersgrense 18 år)
Kjellaren:
21:00 Plas Hervouët Band (FR)
22:30 Embla and the Karidotters (N)
24:00 Spik Adel (N)
Toppfoss:
20:00 Blåmann (N)
20:45 Good Time Charlie (N)
22:15 Adama Janlo (N)
23:30 The Cinelli Brothers (UK)
Artistar Fjordblues 2025

Ein eksplosiv kvartett frå London med italienske røter, The Cinelli Brothers er blant dei mest kritikarroste banda i den moderne blues-scena. Brørne Marco og Alessandro Cinelli har saman med bandet sitt skapt eit lydbilete som kombinerer autentisk Chicago- og Texas-blues med soul og R&B frå 60- og 70-talet – alt med ein moderne vri. Dei har vunne UK Blues Challenge og kome på 2. plass i International Blues Challenge i Memphis. Live-showa deira er intense, energiske og fulle av sjel – ekte «Cinelli experience»!

Embla Karidotter, tidlegare trommeslagar i indiebandet Razika, har funne sitt musikalske heimland i country og americana. Med bandet sitt – sett saman av stjernemusikarar frå Honningbarna, Slomosa og Aiming for Enrike – har ho skapt eit uttrykk som er både rått og sårbart. Debutalbumet Hello, I’m Embla vann Spellemannprisen i country-klassen i 2022, og oppfølgjaren Off Leash fekk ny nominasjon i 2024. Musikken er jordnær, ærlig og full av liv – med pedal steel, honky tonk og nordisk nerve.

Good Time Charlie slepp sitt nye album under Fjordblues ! Originalbesetninga frå bandet sitt første album, «Comin’ Down With The Blues» frå 1995 er samla igjen forsterka med Steinar Karlsen på gitar. Albumet vart hylla av kritikarane og har i ettertid fått status som ein milepæl blant norske bluesutgjevingar. Bandet utvikla tidleg eit eige sound og har evna å fornye seg. Dette har resultert i ein slagkraftig musikalsk heilskap inspirert av New Orleans Rhythm and Blues, West Coast Cool Blues, Boogie Woogie og Rockin’ Soul.

Ein unik fransk duo som kombinerer blues, celtic, country, chanson og pop i eit akustisk og kraftfullt uttrykk. Rachelle Plas er ein virtuos på munnspel og har ei stemme som blandar soul og sensualitet, medan Philippe Hervouët trollbind med gitarspel og ei varm, poetisk røyst. Dei syng på fransk, engelsk og bretonsk, og har på kort tid blitt ein internasjonal snakkis. Musikken deira er både intim og storslått – ei reise frå Bretagne til Mississippi. Duoen sitt ferske album får si internasjonale lansering under Fjordblues noko som vi sjølvsagt vil markere.

Ein ung gitarhelt frå Nashville med ein gammal sjel. McKinley James blandar rock & roll, soul og rå rhythm & blues i eit lydbilete som er både retro og moderne. Med faren Jason Smay (tidlegare trommis for Los Straightkackets og JD McPherson) og Conrad Govrik på bass som bandkollega, har han utvikla eit tett og dynamisk trioformat. Albumet Working Class Blues viser ei modenheit og musikalitet langt over alderen. Dette er ekte, ærlig og groovy roots-musikk frå ei ny stjerne på blueshimmelen.

Frå vesle Auma i Østerdalen kjem denne kraftfulle duoen som blandar grunge, indie, blues og alt-pop i eit massivt lydbilete. Carol syng og spelar gitar, medan Mr. Ask handterer trommer, synth og gitar. Musikken er mørk, energisk og melodisk – med inspirasjon frå band som The White Stripes og The Kills. Bandet sine videoar har blitt eit fenomen på sosiale medier med millionar av visningar. Dei har turnert internasjonalt og fått merksemd for sin DIY-ånd og intense liveshow. Eit band som både rører og ristar publikum.

Ein av dei mest spennande nye stemmene i norsk soul og blues. Adama Janlo, med røter frå Gambia og oppvekst på Sagene i Oslo, kombinerer blues, gospel, R&B og neo-soul med ei kraftfull og nær stemme. Ho vann Ung Artist-stipendet frå Norsk Bluesunion i 2025 og har fått strålande kritikkar for debutalbumet «A Free Woman» kom ut nett no i september. Musikken hennar er både personleg og universell – ei stemme for framtida.

Spik Adel (N)
Frå Bremanger kjem Spik Adel – eit band med over 40 års historie. Bandet har vore grunnstamma i det rike musikkmiljøet i Bremanger i heile denne perioden. Spik Adel er på mange måtar det orginale og ultimate Americana-bandet frå Sogn og Fjordane. Lenge før Americana «oppstod» som ein eigen musikksjanger så spelte desse karane musikk frå sine amerikanske og engelske favorittar innan blues, folk og moderne country som Richard Thompson, Uncle Tupelo, The Band og mange fleire. Det vert garantert eit hyggeleg gjennsyn med Spik Adel på Fjordblues scena.

Blåmann (N)
Tradisjonen tru står det også i år eit band frå Firda vgs på plakaten. Alle medlemmer i bandet Blåmann er elevar ved musikklinja på Firda. Ein dyktig og motivert gjeng som spelar blues og rock med låtar og inspirasjon frå artistar som Joe Bonamassa, Stevie Ray Vaughan og Elvis ! Bandet består av Lennart Tanzer: Vokal; Jonas August Aasen Farsund: Gitar; Bendik Eide Bukve: Keys; Lina Degnepoll Reed: Bass; Sondre Devik(18): Trommer. Alle er 18 år gamle.